Ergoterapi og hjelpemiddel

Menneske i alle aldersgrupper, som grunna skade, sjukdom, funksjonsvanskar eller andre livsendringar har vanskar med å meistre eigen kvardag, kan få tilbod om ergoterapi. 

Korleis får vi tilbod?

Ved å ta kontakt med tenesta på telefon, eller ved å henvende seg direkte på besøksstad. Vi tek også i mot tilmeldingar frå fastlegar, sjukehus og andre. E-post kan også brukast for å få kontakt, men hugs at det ikkje må sendast sensitiv informasjon på e-post.

Kva tenestetilbod har vi?

Vi tilbyr ulike formar for oppfølging av ergoterapeut, mellom anna:

  • Rehabilitering og anna oppfølging i institusjon

  • Førebyggande heimebesøk

  • Vurdering, tilpassing og oppfølging av hjelpemiddel

  • Bustadrådgjeving

  • Kvardagsmeistring og kvardagsrehabilitering
     

Synskontakt og høyrselskontakt

Ergoterapeut er òg synskontakt og høyrselskontakt i kommunen og vil kunne følgje opp nye høyreapperatbrukarar, bidra til bruk og stell av høyreapperat, fange opp behov i høve nye/etablerte brukarar, samt proppavstøyp ved særskilte behov.

Hjelpemiddel

Eit hjelpemiddel er ein gjenstand som bidreg til å redusere praktiske problem for personar med nedsett funksjonsevne. Hjelpemiddel kan gje betre funksjon, eller det kan kompensere for tapt funksjon.

Les meir om lån av hjelpemiddel

Malene Solheim
Ergoterapeut/frisklivsentral
E-post
Telefon 57 73 81 10
Mobil 90 70 50 03