Lån av hjelpemiddel

Fysioterapi- og ergoterapitenesta låner ut og hjelper deg med å bestille hjelpemiddel.

Kven kan få tilbod om hjelpemiddel?

Dersom du har nedsett funksjonsevne på grunn av skade eller sjukdom, kan du få låne hjelpemiddel for ein kortare eller lengre periode.

Vi hjelper deg med å:

  • finne fram til rett hjelpemiddel 
  • opplæring og tilpassing av hjelpemiddelet
  • hjelp dersom det oppstår feil eller skade på hjelpemidla du har lånt

Det fins mange ulike typar hjelpemiddel, som til dømes rullestol, toalettforhøgar, lupelamper og ulike typar velferdsteknologiske løysingar.

Kortvarig utlån:

Dersom du har eit kortvarig behov for enklare hjelpemiddel, kan du få låne dette av Fjaler kommune.

Vårt kommunale utlånslager ligg på fysio/ergotenesta på Helsetunet. Vanleg utlånstid er tre månader, med mindre noko anna vert avtalt'. Ved behov for kortvarig utlån, kan du ta kontakt med fysio/ergoterapitenesta på tlf. 57 73 81 15.


Langvarig utlån

Dersom du har eit langvarig behov (over 2 år) for utlån av hjelpemiddel, kan du få støtte til utlån via Folketrygda.

Ved behov for langvarig utlån, kan du ta kontakt med ergoterapeut i Fjaler. Ergoterapeut vil då hjelpe deg med å finne ut kva hjelpemiddel du treng, og hjelper deg med å søke om varig utlån av dette til NAV Hjelpemiddelsentral Sogn og Fjordane.

Du kan også ta kontakt med Ergoterapeut  dersom du har hjelpemiddel som treng reparasjon, eller om du har hjelpemiddel du vil levere tilbake.
 

Kvar finn du oss?

Du treff oss på Helsetunet (samme bygg som Fjaler sjukeheim), adressa er Dalsvegen 81. Vi held til i underetasjen, med inngang og parkering på nedsida av bygget - mot fjorden.
 

Opningstider:

På dagtid mellom klokka 08.30–15.30 kan du kontakte oss på telefon eller treffe oss i våre lokale.

Har du behov for hjelpemiddel på kveldstid må du ta kontakt med Fjaler sjukeheim på telefon 41 46 45 62

Sjå kontaktinformasjon for fysio- og ergoterapitenesta nedst i artikkelen.

Fysio- og ergoterapitenesta Sentralbord
Telefon 57 73 81 15
Malene Solheim
Ergoterapeut/frisklivsentral
E-post
Telefon 57 73 81 10
Mobil 90 70 50 03