Søk om kommunal bustad

Du kan søke om å leige kommunal bustad om du ikkje klarar å skaffe deg ein egna bustad sjølv eller med annan offentleg hjelp. Kommunal utleigebustad er bustad utan særskilt tilrettelegging. Dei er lokalisert både i burettslag, sameige eller som sjølvstendige to- eller firemannsbustader.

Kven kan få tilbodet?

Føremålet med kommunale bustader er å hjelpe vanskelegstilte med å kunne busette seg i eigen bustad. Aktuelle målgrupper kan vere: 

  • menneske med funksjonsnedsetting
  • flyktningar
  • personar som vert skriven ut frå institusjon
  • personar som kjem frå fengsel
     

Krav til søkjar

  • Du må vere over 18 år, og ha vore folkeregistrert i Fjaler kommune i minimum to år (gjeld ikkje flyktningar).
  • Du må vere utan eigna bustad, og noverande bustad kan i liten grad tilpassast og tilretteleggast.
  • Du må vere utan inntekt og formue som gjer deg i stand til å skaffe deg bustad på eiga hand.
     

Slik søkjer du

Du søkjer på elektronisk skjema på Fjaler kommune si heimeside. Ta kontakt med kommunen på telefon 57 73 80 00 om du treng hjelp med søknaden eller har andre spørsmål. 

Søk om kommunal bustad


Kva koster det?


Kor lang tid tek det å behandle søknaden?

Saksbehandlingstida kan variere, alt etter kor akutt det er med busituasjonen din. Fjaler kommune vil ta kontakt med deg slik at det kan bli gjort ei kartlegging saman med deg av dine behov for hjelp. 


Om du får innvilga søknaden

  • Vert det inngått leigeavtale mellom deg og Fjaler kommune.
  • Leigeavtalen er tidsbestemt. 
     

Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?

Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du fekk brevet. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Let kommunen avgjerda stå, blir saka send vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om om klagen skal bli teken til følgje

Marius Aase Jørgensen
Ingeniør kommunal eigedom
E-post
Telefon 57 73 80 54