Bustøtte

Slit du med å betale husleiga eller bustadlånet ditt? Har du låg inntekt eller høge buutgifter i tillegg? Då kan du ha rett til bustøtte.

Sjekk om du kan få bustøtte

På nettsidene til Husbanken kan du sjå kven som kan få bustønad, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva slag grenser for inntekt som gjeld. 

Sjekk om du kan få bustøtte på husbanken sine nettsider
 

Søknadsfrist

  • Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad.
  • Du får svar innan den 20. neste månad.
  • Får du bustøtte, vert søknaden din automatisk overført til neste månad om det ikkje skjer endringar. 
     

Slik søker du om bustøtte


Søk elektronisk om bustøtte


Du treng desse vedlegga:

  • Kopi av husleigekontrakt om du leiger bustad.
  • Kopi av nedbetalingsplan for bustadlån og fellesutgifter om du eig bustaden.
  • Dokumentasjon på inntekt om det ikkje kjem fram på norsk likning eller gjennom A-ordninga.

Straumutgifter, bustadforsikring og likningsopplysningar treng du ikkje dokumentere. 
 

Treng du hjelp eller har spørsmål?

 

Ta kontakt med NAV Fjaler for å få hjelp og rettleiing
 

Kva skjer vidare?

  • Du sender søknaden til kommunen du bur i, men vedtaket og utbetalingane kjem direkte frå Husbanken.
  • Søknader vert behandla fortløpande kvar månad, med vedtak mot slutten av månaden. Innan den 20. neste månad får du beskjed om vedtaket, saman med eventuell utbetaling av støtte. 
  • Får du bustøtte, vert søknaden din automatisk overført til neste månad om det ikkje har skjedd endringar. 
  • Dersom du får avslag på grunn av for høg inntekt, vil søknaden likevel bli overført til neste månad. Dette skjer i 3 månader før søknaden vert sletta på grunn av for høg inntekt.
     

Kan du klage på vedtaket?

Du kan klage på vedtak om bustøtte dersom du meiner at vedtaket er gjort på feil opplysningar. Du har tre veker frist til å klage etter at du mottok vedtaket. 

Les om korleis du kan klage på Husbanken sine nettsider. 
 

Lov og forskrift som gjeld bustøtte: