Våge skule og barnehage feira samenes dag.

6.februar er som alle veit markering av samenes dag. Våge skule og barnehage gjekk saman for ein føremiddag med mykje moro. 

Eventyrsamling rundt bål, lassokasting, kunstverk og leik på samenes dag. - Klikk for stort bilete

Tysdag føremiddag samla elevar, barnehagebarn og vaksne seg. På rullering forflytta dei ulike gruppene seg gjennom fleire stasjonar med tema opp mot samenes dag. Små og store kunne prøve seg på lassokasting, kunstverk i dei tradisjonelle fargane, og ein samisk leik. Vidare samla vi oss med bålet i barnehagen for eit eventyr om kråka og ugla. Det heile vart runda av med eit deilig måltid. På menyen var det nydeleg krema fiskesuppe og samisk brødmat attåt kalla gahkko.