Tur til NIBIO 15.juni

Måndag 15. juni var 8. og 9. trinn på besøk hos NIBIO Fureneset. Der fekk elevane innblikk i arbeidet som blir gjort ved forskingsstasjonen. 

To flinke forskarar viste oss rundt, og vi fekk mellom anna vere med på å setje ut insektfeller, fange insekt og lære mykje spennande om pollinerande insekt.

I tillegg fekk vi sjå korleis dei måler klimautslepp frå eng, og vi fekk god informasjon om ulike grassortar som det blir forska på ved NIBIO Fureneset.

Alt i alt vart det ein lærerik og innhaldsrik dag, der elevane fekk sjå korleis forskarane og dei andre tilsette arbeider. Vi avslutta dagen med lunsj ute i det fine vêret, der NIBIO spanderte is til alle.

Takk til NIBIO Fureneset for at vi fekk kome på besøk – vi kjem gjerne tilbake!