Takk for oppmøte - Våge 40 år

Heidunders feiring ved Våge skule. 

Emil og mobilen

Takk til alle som møtte opp til jubileums- og juletrefesten vår. Det var kjekt å sjå så mange med eit ynskje om å vere med oss på denne kjekke feiringa av skulen og barnehagen vår.  

Det vart mykje latter, smil og god stemning under førestilling og vidare opp til utstillinga ved skulen. Elevane gjorde ein kjempejobb, og vi er så stolt og takksam for alle som deltok. Eit lite stykke Våge-historie blei laga, samt verdsete det som vi har, både ny og gamal historie. 

 

Eit av høgdepunkta var jubileumssongen vår. Med siste vers kom bodkapen vi alle her ute ynskjer - at skulen vår består!

 

 

JUBILEUMSONGEN 

(tone: Bamses fødselssang)

 

På skulen skulle vere fest for oss i ytre Fjaler, 
for skulen feirer 40 år med jubel, sang og taler. 
Kom bli med på festen vår, alle plass i salen får. 
Hipp hurra for skulen vår som fyller 40 år! 

 
 
Vi har ein diger skuleplass med mange tøffe ungar,  
dei leikar og dei tullar og dei syng ein masse songar. 
Kom bli med på festen vår, alle plass i salen får. 
Hipp hurra for skulen vår som fyller 40år! 
 

 
I timane så lærer vi om ABC og resten,  
og viss du ikkje følger med, så blir det merknad.... 
- NESTEN! 
Kom bli med på festen vår, alle plass i salen får. 
Hipp hurra for skulen vår som feirer 40 år! 

 

Om morgonen kjem ungane, det er eit heilt orkester 
og bussvakta den helsar pent på alle sine gjester. 
Kom bli med på festen vår, alle plass i salen får. 
Hipp hurra for skulen vår som fyller 40år! 

 

 

Kantina vår er stappa full av svoltne, ville unga’, 
og om du ikkje teier stilt, så kvesser kokken tunga. 
Kom bli med på festen vår, alle plass i salen får. 
Hipp hurra for skulen vår som fyller 40 år! 
 

 
Bak skulen vår så tømmer vi vårt avfall i komposten,  
og oppi der så ligg det skrot frå aller beste kosten. 
Bygda vår vi takkar deg, gratis frukt frå deg til meg. 
Hipp hurra for skulen vår som fyller 40 år! 
 

Vår snille lærar lukar bed så ugrasfrøa  minkar 
Ho held ein vakker tale om komposten vår som stinkar. 
Jorda tek vi vare på, grønsaker vi snart skal få. 
Urter, ert og gulerot – dei tek vi godt imot. 

 

Ei fotballbane, klatrepark, tre disser og to hytter. 
Vi likar jo å leike, men må øve på å bytte. 
Volleyball og sklie bak, ballbinge – vi ynskjer tak! 
Hipp hurra for skulen vår,  

vi håpar den består!