Skøytedag på Einingsvatnet.

Elevar kunne i dag boltre seg på skøyteisen. 

Du og du, kor heldige har vel ikkje vi vore?! Ikkje berre har kulda halde seg nok til at fleire elevar har fått gått på skøyter denne vinteren allereie - men jammen kom vi oss som samla skule til Einingsvatnet for ein HEIL DAG på skøyteisen. 

Med avmarsj i 10-tida, traska vi oss nedover med utstyr, optimisme og ein gira gjeng. Alle fekk ein sjanse til å stå på skøyter om dei ynskja. Etter litt mat i kroppen rundt bålpannene til lunsj, vart det klart for ulike aktivitetar. Stafett, curling og hockey fell i smak. 

Ei litt meir sliten samling av elevar bevegde seg opp att då det til slutt li på skuledagen, men jamt over: ingen brotne bein, og ein gjeng som kunne ha halde på lengre om dei fekk lov. 

GOD VINTERFERIE, alle saman!