Samefolket sin nasjonaldag, veke 6

Lihkku beivviin!

Endå ein gong har elevar, born og vaksen ved Våge skule og barnehage kome saman for å feire samane sin nasjonaldag. Allereie på morgonen var flagget heisa med vårt heilt eige samiske flagg, og song på plassen. 

  

På ulike stasjonar fekk store og små prøve seg på ulike aktivitetar: Legobygging til dagens tema, bingo-leiting i barnehagen, leik med «Reinen kjem» på bana, samt dans og disco til samisk musikk i gymsalen. Føremiddagen runda vi av med å samlast på kantina på skulen der vi fekk servert ei særdeles godt fiskesuppe til lunsj, sjølvsagt med Gahkko (samisk brød) attåt.

Bilete frå ulike aktivitetar under samfolkets dag på Våge.