PROSJEKT KYLLING

23.februar fekk 1.klasse låne ei stk rugemaskin og fjorten egg hos Tommy og Tina. Vi vakta på egga i ganske mange dagar, kryssa av på kalenderen og hadde nedteljing. Søndag 15.april kom det første hakket i eine egget, og lille Anton kom til verda. Natt til måndag kom det fire små nøste til, og før måndagen var omme hadde vi åtte kyllingar i rugekassen. Ein til kvar av 1.klassingane, og ein til «hønemor» Kari-Anne. HIMLA spennande og veldig, veldig koseleg. Vi har fått vere med på klekking og kos med kyllingane. Alle har dei fått namn. Påske, Mini, Bølle, Anton, Påske, Spagatus, Philip og Max. No når vi går til påske flyttar kyllingane til gards hos ein av lærarane våre.