Munnleg eksamen på 10.trinn, og turdag på 1.-9.trinn

Med munnleg eksamen for tur, reiste resten av elevane 1.-9.trinn på sine eigne utflukter torsdag 4.juni.

10.trinn hadde ein nervepirrande dag føre seg, og med det vart sjefsavgjerdsla klar. Medan munnleg eksamen held på, blir det turdag for dei andre elevane. Då kunne vi legge opp til best mogleg forhold for å gje dei eldste elevane ro på ein dag som dette.

 

1.-4.trinn for til Folkestad, ved ei strand vi fekk lov å vere med. Her vart det “småakvarium”, fiskesprett og undersøking av ulikt dyreliv ein kunne sjå og finne. 
Etter lunsj/grilling, for turen vidare til den ballbingen eit stykke frå. Dissing, klatring, fotball og basketball var noko av aktivitetane som stod for tur då. 

 

5.-9.trinn har vore på tur til Lammetun i dag. Her fekk elevane lage hinderløype som innheld frisbee, sykling, balanse, presisjon og anna moro. 
I tillegg for vi innom bunkersane, spelt kort, gått tur i Lammetunhola og ikkje minst prøvd fiskelukka. 

Etter lunsj fekk dei smoothie og frukt.
Nokre av elevane sykla, medan andre gjekk eller sat på i bil.

 

Ein veldig kjekk dag for både elevar og tilsette! Og som bonus - det let til å gå bra med alle på munnleg eksamen også.