Veka starta med ei felles leseløype, der lærarane viste og fortalde om ulike tekstar, og las desse i ulike samanhengar, til dømes instruks eller oppskrift, merkelappar, spel, interessebøker og dikt.
Med ekstra fokus på lesing, vart det sett av timar til å finne god lesero. Det var lærarar som henta inn bøker frå folkebiblioteket i Dale, og biblioteksansvarleg på huset såg til at elevane hadde nokre nye bøker på skulebiblioteket å glede seg til denne veka.
Minst ei økt i løpet av veka vart brukt til natursti, då knytt opp mot nivå, til dømes å setje saman ei forteljing i rett rekkjefølgje. Vidare la vi også opp til timar der dei eldre klassetrinna las til dei yngre elevane i skulen. Ungdomsskulen tok turen til barnehagen for å lese til dei.
Mellomtrinnet hadde også eit opplegg med 1.-4.trinn på Creaza, ei nettside som tillèt ein mellom anna å lage teikneserie. Med dette verktøyet kunne dei lage ei forteljing ut ifrå nøkkelord som dei fekk. Her samarbeida dei godt, og vi fekk sjå mange flotte forteljingar.
Då fredagen kom, avslutta elevane med si eiga leseløype. Dei kunne då, slik som lærarane i starten av veka, vise fram eller fortelje om tema og bøker dei sjølv hadde lese om eller likar godt.

Bra jobba, store og små! Lenge leve leselysta!