Kongebesøk og dekorert tursti

Torsdag 28.mai var barnetrinna og mellomtrinna, 1.-7.trinn, so heldige å få reise til Askvoll då Hans Kongelege Majestet Kong Harald kom på besøk. Det var nok kjekt for fleire enn elevane, då delar av arrangementet var ope for alle. I denne samanheng reiste elevane med båt. Vi vil difor takke Kai Arild Huseklepp Hatlem og Firda Sjøfarmer for transport, då med båtførarane Sebastian og Stein-Idar. Mange av elevane tykte båtreisa var veldig kjekk!

 

Samstundes som at barnetrinnet med 1.-7. var på tur til Askvoll, hadde elevar på ungdsommskuletrinna ein eigen tur på planen. Dei hadde som mål å setje ut nokre steintroll, då opp til Skaret, samt frå Våge og opp mot Einigsfjellet. Desse vart laga etter eit arrangement av Liv og lyst. Det er ca. 2 minutts gange mellom kvart troll. Ynskjer alle som ferdast i området ein god tur, og vonar det kjem eit lite smil takka vere desse fine, små trolla som no møter ein langs vegen. 

Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet