Idrettsdag med Tinestafett!

På sjølvaste frigjeringsdagen, 8.mai, hadde vi i dag idrettsdag.

Dagen starta med inndeling av trinna, og å gjere seg klar til dei ulike aktivitetane. På føremiddagen fekk elevane prøve seg på lengdehopp, springe 60 meter, kulestøyt og 600 meter. 

Etter lunsj var det berre å spenne skoa godt på, for då stod Tinestafetten for tur. I flotte t-skjorter gjorde elevane seg klare, ferdige og GÅ! Heiagjengen hoia godt på sida, så det var umogeleg å ikkje gi på. 

Dagen vart avslutta med fotball på den store, flotte bana vår. 

 

For ein dag! God innsats alle og ein kvar!