Elevrådsansvar for «aktiv læring»

Elevane ved Våge skule har det vi kallar aktiv læring i løpet av skuledagen. Det er ei økt på ca. 20 minutt, der ein har ulike aktivitetar opp mot fag eller med tanke på det sosiale. 

Ein periode no har elevrådet hatt ansvar for nokre av desse øktene. 16.03.26 var det endå ei økt, då elevrådet rigga til for å ha brettspel og kortspel med resten av elevane. Latteren hang laust og smila store. 

Takk til elevrådet som viser slikt engasjement på skulen vår!