Arkeologisk ekskursjon.

Elevar ifrå 1.-7. trinn ved Våge skule har vore til Lutelandet på besøk av den arkeologiske utgravinga. 

Med dei spanande oppdateringane av arkeologiske funn ute ved Lutelandet, fann vi det sjølvsagt naudsynt å ta oss ein tur dit sjølv. Elevane fekk sjå ulike eksemplar og funn. Noko av dette var steinar med tydelege bora hol, samt reiskapar og våpen frå så langt attende som 10 000 år sidan. 


Besøket føregjekk både inne i container og ute. Vi fekk sjå prosessen med arbeidet, som graving og reinsing, og høyre korleis ein undersøkjer og går fram ved dei ulike stadia. 

Arkeologisk besøk på Lutelandet.