Arkeologisk besøk

I dag hadde småtrinnet, 1.-4. trinn, besøk av Vestland fylkeskommune og universitetsmuseumet i Bergen for å lære meir om funna frå utgravingane på Lutelandet. Spesielt livet i steinalderen var eitt av tema. 

Besøket kunne greie ut om kva funna på Lutelandet fortel oss om menneska som levde der, og kva dei kan seie om livet generelt for steinaldermennesket. Vidare fekk vi også sjå gjenstandar og funn frå jernalderen og mellomalderen. 

I løpet av føremiddagen fekk elevane prøve fleire aktivitetar. Mellom anna fekk dei forsøke å slå laus små flintknivar, bruke pil og boge, og vi fekk sjå faktiske funn frå Lutelandet. Nokre av desse funna innebar vertøy i flint, restar av panner eller gryter, vevlodd og spinnehjul.

Ein veldig kjekk dag! Tusen takk for besøket.