Viktig besøk frå Politiet: "Delbart?" - eit tema vi aldri kan snakke nok om

Onsdag 12. og torsdag 13. november hadde vi gleda av å få vitjing frå Jan Arild og Marius frå Politiet, som gjennomførte programmet «Delbart?» ved skulen. Elevane våre fekk møte dei på dagtid, medan føresette vart inviterte til eit kveldsarrangement.

Deling på nett er eit viktig tema – og noko vi aldri kan snakke nok om. Gjennom øktene fekk både elevar og vaksne reflektere over kva vi deler, ser og sender på nettet, og korleis digitale val kan få konsekvensar for både oss sjølve og andre.

I tillegg vart fleire andre aktuelle tema tekne opp: bruk av el-sparkesykkel og hjelm, TikTok-trendar, fest og rus, og ikkje minst det faktum at det faktisk finst narkotika i omløp på festar i bygda – noko som overraska mange av dei frammøtte føresette.

Ei uformell handsopprekking viste at det snakkast lite heime om kva barna og ungdommane gjer på telefonen sin – kva dei ser, og kva dei sender. Difor vil vi som skule kome med ei klar oppmoding:
> Snakk med barna og ungdommane. Ver nysgjerrig på kvardagen deira på nettet.

Oppmoding til føresette

Vi vil òg oppmode føresette til å snakke saman, og til å halde fast på fellesskapstanken:
Barna og ungdommane rundt oss er «våre» – og når vi seier ifrå, handlar det ikkje om å sladre, men om at vi bryr oss.

Om det gjeld hjelmbruk, to på sparkesykkel eller overstadig rus – så treng dei unge at dei vaksne står saman og viser at vi tek ansvar.

La dei sjå at vi snakkar saman – for det gjer ein forskjell.

Elevar under presentasjon av Delbart?