Vårdugnad i Klokkargarden

3. og 4. trinn

Måndag 11. mars var 3. og 4. klasse i Klokkargarden på vårdugnad. Det vart mange rundar med stappfulle trillebårlass med lauv, ein stor haug med pinnar, planting av stemorsblomst og rydding av boss. Etter ein god time med kjekk og hard jobbing, vart dei servert nysteikte vaflar og saft uanfør løa i vårsola. 

Utruleg ivrige, arbeidsvillige og glade born, med stort engasjement og god dugnadsånd. Ein perfekt uteskule med masse fysisk aktivitet og læring!