Sy-dilla

6. trinn

I vår har 6. trinn kosta støvet av symaskinkunnskapen sin i ei oppgåve i kunst og handverk. Fleire oppdaga at å sy med symaskin er jo kjekt, og dei ville sy meir. Vi har i lengre tid ergra oss over at det alltid blir kaos i skuffa med pc-musene våre. Kva om kvar mus fekk eigen pose?

Den siste veka har fem elevar lagt ned ein innsats ved symaskina og gitt alle pc-musene ein heim laga av gamle sengklede, mange meter sytråd og innsatsvilje. No har vi trua på orden i leidningane! Kanskje dei må sy til den andre trinna òg?