Stormøte

8.-10. trinn

Torsdag 29. februar hadde ungdomsskulen stormøte. Her kjem eit kort referat av det som vart snakka om:

  • Avdelingsleiar fortalte litt om kvifor ein har stormøte. Målet er at ein skal ha det hyppigare enn det har vore til no. Dette er ein god arena for å få og dele felles informasjon, og for elevane å vise fram arbeid ein har jobba med.
  • Elevrådet v/Abel og Federico i 10. klasse snakka litt om korleis ein behandlar skulen. Dei viste fram bilete av dårleg behandling av skulen, og minte elevane på kva reglar vi har om dette.
  • Elevrådet hadde òg ei gladnyheit: Biljarden er tilbake! Nye, oppdaterte reglar er hengt opp, og desse må sjølvsagt følgast vidare om ein vil fortsette å ha biljard som eit pausetilbod.
  • 8. og 10. klasse har jobba med ulike teknikkar i kunst og handverk som vart vist fram. 8.  trinn har mellom anna jobba med linoleumssnitt, bildebehandling i GIMP og collage, medan 10. trinn har jobba med arkitektur og sjablongtrykk. 
  • Vi såg episoden av Vestlandsrevyen med elevane frå 10. trinn.
  • Politiet snakka om nettvett, steling, trafikk og rus.