Kvinnedagsutstilling på Dingemoen Skule

Utstilling på biblioteket på Dingemoen skule.

I samband med Kvinnedagen 8. mars, har to av bibliotekassistentane laga ei utstilling på biblioteket. Her har dei med bøker om ulike viktige, innflytelsesrike kvinner gjennom historia. Her er òg bøker med forteljingar om jenter som vågar å stå opp for seg sjølv og andre, og som kjempar for likeverd og lik behandling.

Kom innom, då vel!

Utstilte bøker.