Kritisk tenking

8. trinn

I veke 3-7 har 8. trinn på Dingemoen Skule jobba med kritisk lesing og reflekterande tenking i norskfaget. Dei har samarbedd i grupper, og halde presentasjon for klassen. Elevane har vorte meir medvitne på korleis og kvifor vi bør vere kritiske lesarar, kva som kjenneteiknar digital mobbing, kvifor personvern er viktig, samt viktigheita av god kommunikasjon. Dei ulike gruppene har vore kreative, og presentert ulike produkt som dei har jobba med. Dei har blant anna laga: 

- Informasjonsplakat om god nettvit

- Tips til god folkeskikk på nett

- Kortfilm om god kjeldekritikk

- Reklamefilm

Elevane har brukt gode verkemiddel for å gjere produkta best mogleg. Vidare har vi reflektert rundt kor lett det er å bli manipulert av nett og av reklamar bombandert med verkemiddel - som har til mål å lure lesaren/forbrukaren. Ungdomane har vore engasjerte og flinke!

Treng du tips, ta kontakt med ein Dingemo-elev. Vi hjelpe deg ASAP!