Historisk vedtak på Dingemoen Skule

Med utgangspunkt i den svært tydelege tilbakemeldinga frå foreldre i 1.-4.klasse på spørjeundersøking i haust gjorde FAU følgande vedtak: 

"FAU har eit mål om at Dingemoen skule skal vere ein smarttelefonfri barneskule innan skuleåret 2029/2030"

Målet er altså satt for det skuleåret dagens 4.klasse går siste trinn i barneskulen. Dette vert eit tema i neste foreldremøte for 1.-4.klasse på våren. FAU vil takke foreldre i 1.-4.klasse for den tydelege retninga, og mykje engasjement!

Eit illustrasjonsbilete med tala "2030" midt på bilete, med born i bakgrunnen.  - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto med tala "2030"
Eli -Terese Sande
Rektor Dingemoen skule
E-post
Telefon 57 73 81 61
Mobil 41 16 10 21