Fellessamling

1. -4. trinn

På onsdag i veke 9 hadde 1. - 4. klasse fellessamling igjen. Denne gongen var det 4. klasse som viste fram noko av det dei har jobba med i klassen sidan jul. 

  • Dei song “Bæstevenna” på trøndersk, etter at dei har jobba med språk og dialekter i norsken.
  • Dei viste fram ein rytmeleik med koppar. Den var vanskeleg, men veldig kjekk å lære.
  • I kunst og handverk har dei jobba med arkitektur og laga hus. Dei forklarte framgangen frå skisse til ferdig produkt. 
  • I kunst og handverk har dei òg laga eit “tre på rad”-spel på sløyden som dei viste fram, i tillegg til å lage pose til spelet på tekstilen.
  • Dei viste fram bilete i 3D av dyremotiv.
  • Frå mat og helse-faget viste dei fram bilete og forklarte om faget.
  • Dei fekk òg snakka litt om Minecraft Education, som er svært populært blant elevane. Der får dei jobbe saman og samarbeide om digital konstruksjon.
  • Dei avslutta med allsong - “være den du er”.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fellessamling er ein lang tradisjon på Dingemoen skule, der elevar får vist fram kva dei jobbar med til dei andre elevane. Foreldre, syskjen, besteforeldre, tanter og onklar er alltid hjarteleg velkomne til å komme og sjå. Det pleier å vere veldig populært.