Delbart?

- eit landsomfattande undervisningsopplegg og foredrag med politiet

Målgruppe: Ungdom i alderen 13-16 år og deira føresette

Demonstrasjonsbilete

 

 

 

 

 

 

 

Politiet lanserte i 2019 eit undervisningsopplegg til ungdomsskuleelevar for å førebygge deling av seksualiserte bilete. Undervisningsopplegget har fått namnet «Delbart?» og er utvikla fordi dagens ungdom lever på mobilen og bruker appar som legg til rette for bilete, video og deling. Dessverre inneber òg denne delingskulturen at unge tek – og spreiar – seksualiserte bilete og videoar av seg sjølv og av andre.

-tenk deg om før du har, tar eller deler bilete! -er det delbart?

 -politiet-

Målsetting: Å førebygge ulovleg deling av bilete og seksuelle overgrep blant ungdom.

For å oppnå dette ynskjer vi å bidra til auka medvit og kunnskap om tema, slik at målgruppa settast i betre stand til å ta gode val og til å handtere situasjonar som oppstår.

Vi legg difor til rette for føredrag, informasjon og undervisningsopplegg for elevar og føresette tilhøyrande Dingemoen skule, og oppmodar alle føresette om å prioritere å kome på dette møtet.

Onsdag 12. november kl. 1300-1425 i kantina på ungdomssteget. Alle elevar på 7. og 8. trinn; Foredrag og undervisning med politiet

Onsdag 12. november kl. 1800-1930 i kantina på ungdomssteget. Alle føresette til elevar på 7. og 8. trinn; Foredrag,  spørsmål og svar med politiet. 

Torsdag 13. november kl. 1300-1425 i kantina på ungdomssteget. Alle elevar på 9. og 10. trinn; Foredrag og undervisning med politiet

Torsdag 13. november kl. 1800-1930 i kantina på ungdomssteget. Alle føresette til elevar på 9. og 10. trinn; Foredrag,  spørsmål og svar med politiet. 

Eli -Terese Sande
Rektor Dingemoen skule
E-post
Telefon 57 73 81 61
Mobil 41 16 10 21