Økonomiske vilkår for folkevalde

Som folkevalde har du krav på godtgjersle og å få dekt utgiftene du har i samband med det kommunale vervet du utfører. 

Satsar og utbetaling

Reglar og satsar er fastsett i eige reglement: 

 

Møtegodtgjersle er ei fast sum per møte, som også dekker førebuinga til møtet. Møtegodtgjersle for møte i kommunale folkevalde organ blir automatisk utbetalt basert på frammøte i møteprotokollane. 

Du må sende krav om utbetaling av møtegodtgjersle for deltaking i andre møte der kommunen sitt politiske sekretariat ikkje er til stades. Døme på slike utval representantskap, KS fylkesmøte, samarbeidsutval ved skular og barnehagar og liknande. 

Unntak: Fjaler sokneråd utbetalar møtegodtgjersle direkte, og i slike tilfelle får ein ikkje møtegodtgjersle frå Fjaler kommune i tillegg. Sekretariat for Fjaler kontrollutval sender oversikt over frammøte til Fjaler kommune, og dette vert automatisk utbetalt 2 gonger i året (juli og desember). 

Krav om møtegodtgjerlse sendast på e-post til post@fjaler.kommune.no

Dekking av tapt inntekt 

Som folkevalde har du krav på å få dekt tapt arbeidsinntekt. Dette gjeld for pliktige møte i folkevalde organ, andre kommunale organ eller andre pliktige oppdrag som folkevald. Du må sjølv sende inn krav om dekking av tapt inntekt/arbeidforteneste. 

Krav om dekking av tapt inntekt sendast elektronisk i Visma. For rettleiing og innlogging sjå på nettsida Visma for folkevalde.

Dokumentert tap av inntekt

For å få dekt dokumentert tap av inntekt, må du ha dokumentasjon frå arbeidsgjevar med omfanget av tapet. Arbeidsgjevar kan lage eit underteikna skriv (elektronisk godkjenning vert akseptert) med dato for fråvær, tal timar og timesats som dokumentasjon. Du kan òg nytte skjema for tapt inntekt som du som folkevald kan fylle ut for godkjenning av arbeidsgjevar med underskrift. Skjema kan du laste ned her: 

 

Som sjølvstendig næringsdrivande må du få dokumentert tapt inntekt av rekneskapsførar, eller ved likningsattest og eigenmelding. Dokumentasjonen må innehalde årsløn som sannsynleggjer kravet. 

Ikkje-dokumentert tap av inntekt

Folkevalde som ikkje får utført sine ordinære gjeremål for å ivareta eit kommunalt tillitsverv (t.d. studentar, pensjonistar, frilansar, omsorgsarbeid, barnepass) kan få dekt tapet. Ikkje-dokumentert tap vert dekka med inntil 180 kr per time, og inntil 1350 kr per dag. 

Du må sende ei eigenerklæring som sannsynleggjer tapet, med oversikt over møtedato, kva møtet gjeld og tal på timar. 

 

Dekking av utgifter

Folkevalde i kommunen har krav på skyss- og kostgodtgjersle for reiser i samband med vervet og dekking av utgifter som følge av vervet. 

Reiseutgifter

Folkevalde som nyttar eigen bil i samband med kommunale møte og oppdrag får dekka reiseutgiftene i samsvar med kommunen sitt reiseregulativ. Reisene må vera best mogleg samordna. 

Folkevalde som representerer kommunen på kurs, møte og liknande, får kostgodtgjersle og dekka reise og opphaldsutgifter.   

Krav om skyssgodtgjersle mv. skal sendast elektronisk til kommunen månadleg eller kvartalsvis, men seinast innan 30. november kvart år.

Andre utgifter

Folkevalde får dekka utgifter til avløysar, barnepass, omsorgsansvar eller liknande, som følgje av pliktige møter. Det blir som hovudregel anten berre utbetalt ut erstatning for tapt inntekt eller for slike utgifter. 

 

Generelt om utbetaling

  • Krav om møtegodtgjersle eller dekking av tapt inntekt bør bli sendt inn månadleg eller kvartalsvis, men seinast innan 30.november kvart år.
  • Utbetaling er den 12. kvar månad. For å vere sikker på at kravet blir med, bør du sende det innan den 1. i månaden. 
Jeroen Van Gangelen
Fagleiar arkiv
E-post
Telefon 57 73 80 12
Jostein Vagstad
HR-medarbeidar
E-post
Telefon 57 73 80 06