Visma for folkevalde

Om Visma

I Visma kan folkevalde sjå lønnslipp og føre reiserekning, køyring, utlegg og tapt inntekt.  

Logge inn i Visma

Første gong du skal bruke løysinga, må du knytte e-posten din til ID-porten. Når du seinare skal logge deg inn, er det vanleg innlogging gjennom ID-porten med kodebrikke, BankID,  BankID på mobil eller tilsvarande innloggingsmåtar. 

Dersom e-postadressa du registrerer inn ikkje blir godteken, må du sende e-post til post@fjaler.kommune.no for å få oppgitt korrekt e-postadresse. 

Visma pålogging

Du kan ikkje lagre visma pålogging lekkja som favoritt eller bokmerke. Dersom du får problem kan du prøve å skrive lekkja rett inn i nettlesaren din. Bruk denne: vismafjaler.sysikt.no/enterprise

Rettleiing

Brukarrettleiing for føring av reiserekning, køyrebok, utlegg og tapt inntekt (PDF, 278 kB)

Lønnslip finn du i Visma under menypunkt “meg selv" og “dokumenter”.