Varsel om oppstart av arbeid med detaljregulering for Haugland

I samsvar med §§ 12-1, 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova vert det varsla om oppstart av planarbeid for detaljregulering av Haugland. Frist for å kome med innspel er sett til 15.05.2026.

Plankart over haugland

Hensikten med planarbeidet

Merk at varselet gjeld både 1. utviding av planområde for pågåande reguleringsprosess og 2. gjennomføring av arkeologiske undersøkingar ved Haugland. Det vert med dette varsla utviding av planområdet for pågåande detaljregulering av Haugland. Bakgrunnen for utviding av planområdet er at det er utførtskredfarekartlegging som legg til grunn at skogen nordaust for Hauglangssenteret må sikrast som vernskog. I dag hindrar skogen at snøskred kan løysast ut i dei aktuelle losneområda i fjellsida. Dersom skogen ikkje vert sikra mot hogst og seinare teken ut, vil delar av skredfaresona nordaust for Hauglandssenteret bli utvida. Tiltakshavar ønskjer difor å utvide planområdet for å sikre skogen og med det omsyn til snøskred.

 

Har du innspel eller spørsmål?

Innspel kan sendast inn til Norconsult sin plankonsulent Sindre Eikenes innan 15.05.2026.