Vaksinering i Dale torsdag 26.11.2026

Vaksinering i Guddal, Våge og Dale er no gjennomført. Torsdag 26. november blir det ein ny runde med vaksinering i Dale, denne gongen i Dansesalen ved Fjalerhallen, torsdag 26. november klokka 12.00–14.00.

Du kan ta vaksine på følgande tid og stad:

  • Dale, Dansesalen ved Fjalerhallen - torsdag 26. november, klokka 12.00–14.00.
     

Det er ikkje nødvendig å bestille time. Du kan berre møte opp. Hugs å ta med legitimasjon eller annan dokumentasjon som viser fødselsnummeret ditt.

Aktuelle vaksinar:

Målgrupper:

  • Influensa- og koronavaksine: Alle som er 65 år eller eldre. Barn og vaksne under 65 år som tilhøyrer ei risikogruppe.
  • Pneumokokkvaksine: Personar fødde i 1961, som fyller 65 år i 2026, og personar fødde i 1960, som fylte 65 år i 2025, men som ikkje nytta tilbodet då. 

Pris og betaling

Du kan betale med Vipps, kontant eller få tilsendt gebyrfri faktura.

  • Influensavaksinen kostar 200 kroner.
  • Koronavaksinen kostar 100 kroner.
  • Pneumokokkvaksinen kostar 100 kroner.

Meir informasjon 

Du finn meir informasjon om influensa-, korona- og pneumokokkvaksine på nettsidene til Folkehelseinstituttet (FHI).

Les om vaksenvaksinasjonsprogrammet på fhi.no