TV-aksjonen 2026 går til aksjonen til NRC Flyktninghjelpen - Bli bøsseberar du og!

Søndag 20. oktober går NRK TV-aksjonen av stabelen. I år går pengane som blir samla inn til NRC Flyktninghjelpen. Blir du med å gå med bøsse denne dagen?

Sjølv om dei fleste i dag vel å betale digitalt, er det framleis viktig å gå frå dør til dør på aksjonsdagen. Bøsseberarane er med på å gjere folk merksame på TV-aksjonen, minne dei på å bidra og dele ut informasjon om Vipps og andre betalingsmåtar

Pengane som blir samla inn, skal bidra til at menneske på flukt får hjelp og støtte i nokre av dei mest alvorlege humanitære krisene i verda.

NRC Flyktninghjelpen er Noregs største humanitære organisasjon og hjelper menneske på flukt i seks område som er ramma av akutte kriser: Gaza, DR Kongo, Sudan, Syria, Tsjad og Afghanistan.

På TV-aksjonen si heimeside kan du lese meir om kva pengane som blir samla inn går til

Slik melder du deg som bøsseberar:

Område der vi treng bøsseberarar:

  • Vi treng bøsseberarar til følgande roder i Dale og omegn:
    • Hatledalen, 2 bøsseberarar
    • Vassdalen (Lynje, Rakneberg, Stav, Strand), 1 bøsseberar 
    • Jarstad/Berge, 1 bøsseberar
    • Gota, Håland, Hålandsfossen, 1 bøsseberar
    • Skadalen, Ormehaugane, Sletteland, 1 bøsseberar
  • I grendene Guddal, Flekke, Straumsnes, Våge og Hellevik er det grendelaga som vervar bøsseberarar, ta kontakt med leiaren i grendelaget eller sei JA dersom dei prøver å verve deg. Vi hjelper gjerne til med å formidle kontakt.
  • I Dale sentrum stiller elevar frå UWC opp kvart år og går med bøsse for TV-aksjonen

Vi håper å høyre i frå deg!

Helsing kommunekomitèen i Fjaler:

Marte Haugsbakk (leiar), Marthe Eimind, Jostein Jarstad og Lene Dingsøyr.
 

Biletet av ein mann og ein barn som står og ser på ein hus i ruinar etter bombing. Teks i bilete med oppmoding om å melde seg som bøsseberar til TV-aksjonen - Klikk for stort bilete TV-aksjonen 2026