Trygge born på elsparkesykkel

Politiet, Statens vegvesen og Trygg Trafikk har ei viktig melding om elsparkesykkel til foreldre og føresette.

Det har vore ei stor auke i alvorlege ulukker, og Politiet, Statens vegvesen og Trygg Trafikk er sterkt uroa for at det vil bli fleire når born og unge har skulefri. Dei ber difor foreldre og føresette om følgjande:

  • Snakk med borna om trafikkreglane og trygg bruk av elsparkesykkel
  • Sikre at køyretøyet er lovleg (hastigheit og effekt)
  • Sørg for at køyretøyet er forsikra
  • Pass på at bornet har hjelm som passar, og at denne blir brukt



Du kan lese meir om trafikktryggleik på elsparkesykkel på Trygg Trafikk si heimeside