Tilskot til aldersvennleg oppgradering av eigen bustad

Du kan få økonomisk støtte frå Husbanken til å gjere bustaden din meir aldersvennleg. Dette er ei ny tilskotsordning, og du må sende søknaden til Husbanken innan 30.oktober 2026. 

kvit hus - Klikk for stort bilete

Du kan søkje om tilskot dersom

  • du er over 62 år eller bur saman med ein som er over 62 år
  • du bur i bustaden sjølv, og han er ein eigd eller leigd heilårsbustad. Dersom du leiger, må du ha samtykke frå utleigar.
  • bustaden er den folkeregistrerte adressa di
  • du skal oppgradere for minst 40 000 kroner

Kor mykje kan du få?

Du kan få dekt inntil 25 prosent av kostnadene til prosjektet. Oppgraderinga må koste minst 40 000 kroner. Det er inga øvre grense for totalkostnad, men du kan maksimalt få 75 000 kroner i tilskot. Du kan berre få tilskot éin gong per bustad.

Merk at du må kunne finansiere tiltaka med eigne midlar i fyrste omgang. Det er fyrst når arbeidet er ferdig utført og betalt at du kan be om utbetaling av tilskotet. Du kan ikkje få tilskot for eit prosjekt som alt er påbegynt eller fullført.

Her kan du søke

Du må sende søknad direkte til Husbanken.

På Husbanken sine nettsider finn du søknadsskjema og meir informasjon om tilskottsordninga.