Skogkveld i Fjaler 29. september klokka 17.00

Landbruksforvaltninga og Skogselskapet i Sogn og Fjordane inviterer til skogkveld tysdag 29. september kl. 17.00. Tema for kvelden er ungskogpleie.

Mange skogeigarar er flinke til å plante, men er usikre på korleis skogen bør følgjast opp dei første åra. På denne skogkvelden vil vi sjå nærare på kva ungskogpleie er, kvifor det er viktig, og korleis gode tiltak tidleg i omløpet kan gi ein betre skog i framtida.

Kvelden vert halden i skogområdet til Eivind Antonisen ved Rakneberg. Her kan vi sjå område der det er gjennomført ungskogpleie. Vi vil òg sjå på eit nabofelt som vart planta samstundes, men som ikkje har fått tilsvarande oppfølging.

Instruktør for kvelden er Arnt Laukeland, medan Ruben R. Bøtun frå Skogselskapet i Sogn og Fjordane deltek saman med representant frå landbruksforvaltninga.

Oppmøte

Tysdag 29. september 2026 kl. 17.00 på Rakneberg. Arrangementet er gratis og ope for alle interesserte.

Vel møtt til ein lærerik og sosial skogkveld!

Har du Spørsmål?

Ta kontakt med Arnt Tomas Sundli på telefon 991 06 526.