Oppsummering etter helse og omsorg sitt folkemøte som var 16. april 2026

Helse og omsorg gjennomførte sitt tredje årlege folkemøte torsdag 16. april.

Møtet starta med eit humørfylt innlegg frå Ragna Flotve, koordinator hos Statsforvaltaren. Ho løfta fram omsorg, engasjement og samskaping som viktige ressursar for god helse og livskvalitet. «Bu heime» handlar om meir enn bustad – det handlar om tryggleik, tilpassing og moglegheiter. Ho oppmoda oss til å sjå på seniorkraft framfor «eldrebølge», og minna om at fellesskap, møteplassar og eigen innsats er helsefremjande.

Askvoll Røde Kors fortalte om 50 år med frivillig arbeid, drive fram av sterke frivillige krefter og imponerande aktivitetsnivå. Bjørg Yndesdal presenterte mangfaldet av aktivitetar på dagsenteret ved Fjaler sjukeheim, og ho etterlyste fleire frivillige til å bidra på sjukeheimen.

Heimetenesta presenterte TØRN-programmet, som skal gi smartare bruk av ressursar i helse- og omsorgstenestene. Det vart òg vist fram planar for det nye Helsehuset, som vil gi eit stort løft for helsetenestene i kommunen.

Det vart oppmoda om å delta i folkehelseundersøkinga, og bustadgruppa informerte om startlån og tilskot til bustadtilpassing. Nettsida planleggelitt.no vart anbefalt som inspirasjon for livet som pensjonist.

Kommuneoverlege Bård Lilleeng presenterte folkehelseprofil og beredskap: Fjaler kjem godt ut på både arbeidsdeltaking, psykisk helse og sjukefråvær. Innbyggjarane vart oppmoda om å ha beredskapslager av medisinar, det vart også informert om beredskapsøvinga som skulle vere  23. april.

Det var godt oppmøte og gode diskusjonar rundt dei koselege kafèborda. Møtet vart avslutta med gruppearbeid om korleis ein kan ta vare på eiga helse lengst mogleg, og korleis frivillige og innbyggjarar kan skape gode møteplassar og motverke einsemd – med mange gode idear og god stemning.

Litt foto frå folkemøtet:

Frå eit av innslaga på folkemøtet Nytta
Meir frå Folkemøtet Nytta
Resultat frå gruppearbeidet
Resultat frå gruppearbeidet