Ny app frå Skyss

Frå 9. mars kjem det ein ny app for deg som reiser kollektivt.  No kan du både planlegge reisa og kjøpe billett i same appen.

Den nye appen heiter Skyss, og er ei samanslåing av tre eksisterande appar: Skyss Reise, Skyss Billett og Skyss Bestilling.  Alle som har den gamle appen Skyss Reise på mobilen sin, vil motta den nye appen automatisk gjennom ei oppdatering som vil skje over ein periode på to veker frå 9. mars.

Ein kan planlegge kollektivreiser og kjøpe billett til alle reiser med Skyss i heile Vestland fylke.

Les meir om korleis den nye appen fungerer