No kan du registrere opplysningar om eigedommen din

Alle eigarar og festarar av bustader eller fritidsbustader i Noreg kan no sjølv registrere opplysningar i matrikkelen hos Kartverket.

Matrikkelen er det nasjonale registeret over norske eigedommar. Her finn du informasjon om grenser, bygningar, adresser og eigarforhold.

Kvifor er dette viktig

Opplysningar frå matrikkelen blir brukte dagleg av privatpersonar, næringsliv og offentlege styresmakter. Kommunen registrerer opplysningar i matrikkelen som ein del av arbeidet sitt. Fordi rutinane har variert over tid, kan enkelte data mangle eller vere utdatert.

No kan du som eigar eller festar gjere ein forskjell: Ved å oppdatera opplysningar om bustaden eller fritidsbustaden din, bidreg du til å sikre at dei er rette. Det kan gi deg rettare vilkår ved lån, forsikring, skattar og avgifter. Vidare får mellom anna nødetatar, planleggjarar og andre aktørar betre grunnlag for avgjerdene sine. Det kjem både deg og lokalsamfunnet til gode.

Slik registrerer du opplysningane i matrikkelen:

Du kan registrera byggjeår, vatn, avløp, energi, oppvarming og bruksareal. Opplysningane kan du finne i salsoppgåver, vedtak frå kommunen og takstrapportar, eller du kan bruke kjennskapen din til bustaden.

Eigenregistreringa er frivillig og går føre seg via ei sikker sjølvbeteningsløysing utvikla av Kartverket. Du vil ikkje bli beden om å laste opp dokumentasjon.

  1. Gå til Eigedomsregisteret hos Kartverket: https://eiendomsregisteret.kartverket.no/
  2. Logg deg inn med ID-porten og sjekk opplysningane som er registrerte frå før
  3. Registrer det du meiner er rett
  4. Oppdater tidlegare registrerte opplysningar om noko endrar seg
     

Opplysningane du registrerer, vil ikkje skrive over det kommunen allereie har registrert. Dei blir viste parallelt med andre eigedomsopplysningar og kan brukast av offentlege og private verksemder.

Kven kontaktar du ved spørsmål?

Om du har spørsmål om innlogging eller praktisk gjennomføring, kan du kontakte Kartverket.

Kontaktinformasjon til Kartverket.

Sjå kontaktinformasjon til Kartverket på nettstaden til Kartverket

Oppdagar du feil eller manglar i offentleg registrerte opplysningar om eigedommen din, må du kontakte kommunen for å få det retta.

Meir informasjon 

Les meir om eigenregistrering på mineigedom.kartverket