No kan du opprette listeframlegg til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2027

Listeforslagsportalen for valet i 2027 er opna. Det betyr at alle eksisterande og nye parti kan starte arbeidet med å opprette listeframlegg, samle inn underskrifter og levere listeframlegg til kommunestyrevalet 2027. 

Innlevering av listeframlegg 

Frist for innsending av listeframlegget til kommunen er seinast 31. mars 2027 kl. 12.00. Fristen gjeld både for innlevering av elektroniske listeframlegg og listeframlegg på papir. 

Gå til listeforslagsportalen 

Merk at kommunen først får tilgang valsystemet før etter 2. januar 2027, og startar difor ikkje handsaminga før då. 

 

Krav til listeframlegg

Rettleing til listeframlegg for parti og grupper finnast i listforslagsportalen og Valgdirektoratet sin portal www.valg.no. 

Stille til val - krav og frister til listeframlegg (valg.no) 

 

Om listeforslagsportalen 

Listeforslagsportalen er eit verktøy for parti og grupper som ønskjer å stille valliste til val i Noreg. 

I portalen kan forslagsstillarar mellom anna:

  • Opprette listeforslag
  • Registrere kandidatar og nødvendige opplysningar
  • Samle inn underskrifter digitalt
  • Følgje statusen på innsamlinga i sanntid
  • Sende inn komplett listeforslag til valstyret.

 

Listeframlegg på papir

Det er òg mogleg å levere listeframlegg på papir, men du må bruke Valgdirektoratet sine maler. 

Her finn du malane til kommunestyrevalet 2027 (valg.no): 

 

Meir informasjon om listeframlegg på papir (valg.no)