Melding om arbeid i Badevika

Fram til midten av november vil det føregå arbeid i Badevika, og det vil difor vere redusert framkomelegheit i denne perioden. 

Naust, fjell, strand - Klikk for stort bileteHaust i Badevika

Fjaler kommune har fått tildelt midlar til å gjere Badevika endå meir tilgjengeleg. I samband med dette vil Vest Entreprenørdrift AS utføre arbeid i Badevika frå og med onsdag 21.oktober og fram til midten av november. Det er ikkje planlagd tiltak som krevje avstenging av områder, men det vil vere noko redusert framkomelegheit. Hugs difor å hald avstand til maskiner og pågåande arbeid. 

Arbeidet som skal gjerast er å etablere sti og opphaldsplass rundt naustet, utvide snuplass, lage kvileplan langs vegen ned i Badevika og asfaltere vegen ned i Badevika samt delar av turvegen.