Kommunestyret gjorde i møte 26.02.2026 i sak KOM-004/26 fylgjande vedtak:
«I samsvar med plan- og bygningslova §11-12 blir det varsla oppstart av arbeid med kommunedelplan for Dale. Forslag til planprogram blir sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn, jf. plan- og bygningslova §§ 11-13 og 11-14. Høyringsperioden er sett til 02.03.2026 - 26.04.2026.»
Kommunestyret varsla oppstart av arbeid med kommunedelplan for Dale i møte den 19.12.2024. Endeleg planprogram vart etter høyring vedtatt i kommunestyret den 22.05.2025. Kommunen har ikkje hatt ynskja framdrift i arbeidet med planen etter dette. Vi ser vidare at det vil vere ein stor fordel med auka medverknad tidleg i planprosess. På bakgrunn av dette er ein komen fram til at det er ynskjeleg å varsle oppstart på nytt for å sikre ytterlegare innspel tidleg i planprosess. I den samanheng vart det utarbeidd eit oppdatert planprogram. Oppdatering i planprogram er i all hovudsak knytt til framdriftsplan
Forslag til planprogram
Planprogrammet er ein «plan for planen». Utarbeiding av planprogram er ei lovpålagd oppgåve, jf. plan- og bygningslova § 4-1.
Planprogrammet skal gjere greie for:
• Føremålet med planarbeidet
• Planprosessen med fristar og deltakarar
• Opplegg for medverknad
• Behov for utgreiingar / ny kunnskap
Du kan lese forslag til planprogrammet på heimesida til kommunen.
Har du innspel?
Dersom du har innspel til planarbeidet, kan du bruke innspelsskjemaet som du finn på Fjaler kommune si heimeside.
Send innspel gjennom elektronisk skjema
Du kan òg sende e-post til post@fjaler.kommune.no eller post til Fjaler kommune, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord, innan 26. april 2026. Merk innspelet med saksnummer: 24/1683.