Kommunestyret har arbeidsmøte om budsjettet for 2027

Kommunestyret samlast i kveld, 4. november 2026, til arbeidsmøte om budsjettet for 2027. Dette er ikkje eit ordinært kommunestyremøte, men eit arbeidsmøte der kommunestyret skal få informasjon, drøfte utfordringar og arbeide vidare med budsjettprosessen.

Plan for møtet

Møtet startar kl. 17.30 med ei innleiing frå kommunedirektøren, som går gjennom programmet for kvelden, status i budsjettarbeidet og mål for prosessen. 

Deretter vil kommunalsjefane orientere om status, utfordringar og moglege innsparingar innan dei ulike tenesteområda. Kommunedirektøren si innleiing og presentasjonane frå kommunalsjefane blir sende direkte på Kommune-TV.

Etter presentasjonane held kommunestyret fram med gruppearbeid og vidare budsjettdrøftingar. Denne delen av arbeidsmøtet blir ikkje streama.

Sjå sendinga direkte på Kommune-TV: fjaler.kommunetv.no.