Kjære Fjalerbuarar

Når vi no nærmar oss slutten på eit år og ser fram til ei fredfull juletid, vil eg som ordførar få nytte høvet til å sende ei varm helsing til alle i Fjaler.

Jula er ei tid for samhald, for å tenkje på dei næraste, og for å vise omtanke for dei som treng litt ekstra støtte. Her i Fjaler har vi ei sterk fellesskapskjensle som har vore med på å skape ein mangfaldig kommune prega av engasjement og omsorg for kvarandre.

2024 har også vore eit år prega av utfordringar og endringar, men det er imponerande å sjå korleis ein står saman for å løysa oppgåver, ekstra imponerande å sjå alle dei frivillige stå på for å gje innbyggjarane gode tilbod. Eg er stolt av den innsatsen kvar og ein av dykk har gjort for å bidra til eit trygt og godt Fjaler.

Eg håpar at alle får ei roleg og fin julefeiring saman med dei de er glad i, og at det nye året kjem med nye moglegheiter for oss alle.
Ynskjer dykk alle ei god jul og eit godt nyttår!

Med venleg helsing,

Leif Jarle Espedal
- ordførar -
 

Bilete frå Fjaler 20.12.24 - julegran, kyrkje og natur - Klikk for stort bileteFjaler 20.12.2024 Leif Jarle Espedal