Kjære fjalerbuarar - ei julehelsing frå ordførar

No når året 2025 er snart omme og julehøgtida nærmar seg, vil eg som ordførar sende ei varm helsing til alle i Fjaler.

Jula er ei tid for ettertanke, fellesskap og omtanke for kvarandre. Det er ei tid der vi set pris på det nære, familie, vener og lokalsamfunnet vi er ein del av. Fjaler er ein kommune med sterke band mellom folk, og det er nettopp dette samhaldet som gjer oss robuste også når vi møter endringar og nye utfordringar.

Samtidig kan vi sjå tilbake på eit år der mykje positivt er i emning. Nytta AS er i god driv og viser kor viktig lokal utviklingskraft er for kommunen vår. På Lutelandet har etableringa av Bue Salmon kome godt i gang, og anleggsarbeidet er no starta. Dette er viktige steg for næringsutvikling og framtidig verdiskaping, og vi ser fram mot stor anleggsaktivitet på Lutelandet i 2026.

Eg vil også rette ei stor takk til alle som bidreg – i næringslivet, i kommunen og i frivilligheita. Innsatsen de legg ned kvar dag er avgjerande for å skape eit trygt og godt lokalsamfunn for oss alle.

Eg håpar juletida gir rom for ro, glede og gode møte, og at det nye året bringar med seg håp, nye moglegheiter og tru på framtida for Fjaler.

Ynskjer dykk alle ei god jul og eit godt nytt år.

Med venleg helsing

Leif Jarle Espedal
- ordførar -

Bilete frå Dale med ynskjer om god jul og godt nytt år til innbyggarane. - Klikk for stort bilete