Fjalerprisen skal gje honnør for særleg innsats til beste for kommunen og kan gjevast til ein person eller organisasjon som har sett fokus på nyskaping, openheit og inkludering. Prisen skal vidare gå til nokon som har profilert kommunen på ein positiv måte, som har bidrege særskilt til å utvikle Fjalersamfunnet og som har marknadsført Fjaler kommune på ein god måte.
Årets vinnar er verkeleg ei eldsjel. Vedkommande brenn sterkt for det han held på med og har svært stor kapasitet til å få ting til. Han er ambisiøs i alt han driv med - det han gjer, gjer han skikkeleg. Fjalerprisen 2024 vert tildelt Jonny Pedersen.
Jonny Pedersen har sidan han kom til Fjaler markert seg tydeleg og har vore ein pådrivar for positiv utvikling i Fjaler. Han har lagt ned ein imponerande innsats i idretten spesielt, men òg i næringslivet.
Jonny vaks opp i Fyllingsdalen i Bergen og har vore ein aktiv handballspelar på Fyllingen, Norrøna, Stord og i dansk eliteserie. Han har vore trenar og sportsleg leiar i handballgruppe til Dale IL sidan 2007.
Då Jonny kom til Fjaler var det eit handballmiljø i Fjaler med knappe 50 aktive og seniorhandballen var i dvale. Jonny kom med sportsleg erfaring og god kjennskap til handballmiljøet rundt Bergen. Han hadde gode idear på kva som måtte til for at spelarar og klubb skulle utvikle seg.
Jonny har i stor grad vore med på å forme handballmiljøet i vårt område og har vist at det er mogeleg å spele god handball på bygda. Han er sjølv trenar for dei eldste laga, og ofte trenar han alle samtidig, både gutar og jenter. Då er hallen full av ungdommar, med éin tydeleg trenar i midten. Han er kjend for å legge opp gode treningar og fleire har blitt inspirert av hans treningsmetode. Trass i ein hektisk jobbkvardag og mykje reising, stiller han framleis i hallen fleire gongar i veka for å trene ungdommane.
Sjølv om Jonny er sterk og tydeleg, så har han sett at ein ikkje kjem nokon veg utan samarbeid. Han brenn for samarbeid med andre klubbar, med mål om å utvikle et sterkt handballmiljø i regionen. Jonny jobbar kontinuerleg for at dei som vil spele handball skal få spele handball.
Han har vore med å trene og utvikle mange spelarar, og har fått ei rekke spelarar på bylag og regionale landslagssamlingar og har hatt spelarar på landsdelssamlingar og på landslaget.
Sjølv om sportslege resultat er sentralt, så ser han at idretten har oppgåver som er viktigare enn det. Idretten er grunnlaget for fysisk aktivitet for mange barn og unge, og for mange av dei er det den viktigaste sosiale møteplassen på fritida. Alle treng ein stad å høyre til, og Jonny ser viktigheita av eit breitt tilbod til mange, der målet er å ha med «flest mogleg, lengst mogleg».
Nemnda har i denne grunngjevinga lagt mest vekt på innsatsen knytt til handball. Jonny kunne òg fått prisen basert på det han har gjort som gründer. I 2014 starta Jonny Pedersen opp selskapet Pecom. Selskapet var leiande på sitt fag knytt til styring og leiing av komplekse prosjekt.
Jonny sin systematiske og profesjonelle tilnærming til prosjektgjennomføring førte til at rådgjevargiganten Norconsult kjøpte Pecom i 2020 for å styrke seg innan faget. Dette har resultert i ei større satsing i Norconsult med oppretting av ny avdeling der Jonny arbeider som prosjektdirektør og er ansvarleg for prosjektgjennomføring som fag.
Han har vore oppteken av å sikre arbeidsplassar lokalt og har lagt ein stor innsats og funne det motiverande å skape attraktive arbeidsplassar i kommunen. Dette har resultert i at 13 av dei finaste kontorplassane i kommunen no er lokalisert ved fjorden i Flekke.
Summen av innsatsen Jonny har lagt ned både innan næringsliv og idretten gjer han til ein samfunnsbyggar. Han har lagt ned ein stor innsats for Fjalersamfunnet og har sett Fjaler på kartet på ein positiv måte.
Prisen består av eit kunstverk av Nikki De Marco og ein gåvesjekk på 15 000 kroner.