Eitt minutts stillheit
På gravferdsdagen vert kong Harald mint med eitt minutts stillheit over heile landet frå kl. 13.00 til kl. 13.01. Stillheita vert innleidd med tre klokkeslag frå alle kyrkjene i landet. Når minuttet er over, markerer tre nye klokkeslag avslutninga på stillheita.
Flagging
Etter gravferda i Oslo domkyrkje vil kista verte frakta til Akershus festning, der det vert halde ei privat minnestund i Akershus slottskyrkje før kong Harald vert gravlagd i Det kongelege mausoleet. Til slutt vert det skote salutt frå Akershus festning. Den nasjonale sørgjeperioden vert avslutta med salutten frå Akershus festning, og flagga skal samstundes heisast til topps att (onsdag 9. september om lag kl. 15.20 til 15.50). Alle flagg som heng på halv stong på offentlege flaggstenger i heile landet, skal då heisast til topps.
Ope kyrkje i Dale
Dale kyrkje vil i samband med gravferda til H.M. Kong Harald V halde kyrkja open frå kl. 12.30 til 14.30 på gravferdsdagen.
Her kan du kome innom for ettertanke, stillheit og fellesskap, tenne eit lys eller be ei bøn.
Gravferda vert vist på storskjerm i kyrkja.
Dale Kyrkja vil ringje med klokkene i om lag ein time frå ca. kl. 15.30, når salutten frå Akershus festning tek til.
Kondolanse
Alle som ynskjer det, er velkomne til å skrive ei siste helsing i kondolanseprotokollen på Fjalerhuset.
Du finn informasjon om opningstidene i ein eigen artikkel på heimesida vår.