Høyring - Kommuneplanen sin samfunnsdel 2026-2038

Fjaler kommune vedtok i kommunestyremøte 26.03.2026, sak 021/26 å sende Kommuneplanen sin samfunnsdel 2026-2038 ut på høyring, med ein høyringsfrist på 6 veker. Vi høyrer gjerne i frå deg. Send innspel innan 8. mai 2026.

Kommuneplanen sin samfunnsdel er, saman med arealdelen, Fjaler kommune sitt overordna styringsdokument. Kommuneplanen sin samfunnsdel skal gje retning for den langsiktige utviklinga i Fjalersamfunnet dei neste 12 åra. Satsingsområda og måla i denne planen skal gjelde både kommunen som organisasjon, meg òg Fjaler som samfunn. Vi har i denne planen valt ut 5 satsingsområde med tilhøyrande hovudmål for vidare utvikling. I tillegg inneheld planen ein arealstategi som seier noko om korleis vi ynskjer å forvalte areala i kommunen framover. 

Dei fem satsingsområda er: 

  • Gode kvardagsliv for alle
  • Berekraftig omstilling i klima-, miljø-, og naturarbeidet
  • Næringsutvikling og verdiskaping
  • Heilskapleg og framtidsretta bustadpolitikk
  • Fjaler kommune som arbeidsgjevar og tenesteytar

 

Kommuneplanen sin samfunnsdel 2026-2038 - høyringsframlegg

Sjå saksframlegget på innsyn på Fjaler kommune si heimeside

På heimesida til Fjaler kommune er alle opplysningar om samfunndsdelen samla på Samfunnsdelen 2026-2038

Slik sender du innspel:

Merk innspelet med saksnummer 24/1687 og send det til Fjaler kommune innan 08.05.20226