Høyring av regionale planar - sei di meining

Fylkesutvalet har vedteke å legge ut to regionale planar på høyring. Fram til 1. november kan du seie di meining, og slik vere med og påverke utviklinga av Vestland framover. 

Kommunar, lag og organisasjonar, næringsdrivande, utdanningsinstitusjonar, ungdomsutval og innbyggjarar vert oppmoda om å komme med innspel på dei to planane:


Når planane er endeleg vedtekne på Fylkestinget i mars neste år, skal dei vere gjeldande i 12 år. 

–  Kvar skal vi bu og byggje, korleis skal vi binde fylket saman, og korleis sikrar vi at folk har kompetansen arbeidslivet treng? Dette er val vi må ta saman, og no vil eg at kommunar, næringsliv, organisasjonar og innbyggjarar i heile Vestland seier kva dei meiner, før vi set den endelege kursen, seier fylkesordførar Jon Askeland.
 

Begge planane har høyringsfrist 1. november 2026, og du nyttar digitalt skjema som du finn i lenkene over. 

Les meir på Vestland fylkeskommune si heimeside