Fv. 57 er open igjen

Fv. 57 mellom Nishammar og Nistad er no open igjen etter jordskredet.

Vêret har roa seg, og etter ei vurdering av forholda er vegen no opna. Det er meldt mogleg meir regn utover kvelden, og situasjonen vil bli følgd vidare.

Bilistar blir bedne om å vere merksame på at det kan kome meir jord og torv ned i vegbana. Køyr varsamt.

Følg med på oppdaterte trafikkmeldingar frå Statens vegvesen.