Eigenberedskapsveka 2025 (veke 44) – Kven kan du hjelpe og kven kan du få hjelp av!

Samarbeid og fellesskap er viktig i kriser. Snakk med dei rundt deg om kva som kan skje og korleis de kan klare dykk saman. Oppdater ditt eigenberedskapslager med ein beredskapsven

Eigenberedskap handlar om å vere førebudd dersom store kriser råkar oss

Døme på slike store kriser som kan råke oss kan vere ekstremvêr, langvarige straumbrot, pandemiar, ulukker, krigs-handlingar, dataåtak og sabotasje.

Målet for den nasjonale Eigenberedskapsveka 2025 er å auke folk sitt medvit og kunnskap om eigenberedskap slik at fleire førebur seg og planlegg for å kunne klare seg sjølv i ei veke. Det vil gjere både deg og lokalsamfunnet betre rusta til å handtere kriser og hendingar slik at kommunen og naudetatane kan prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp.

Men alle treng ikkje gjere alt åleine. Det kan vere lurt å samarbeide med vener, familie eller naboar om eigenberedskap.

Dette kan beredskapsvener hjelpe kvarandre med:

  • omsorg og støtte, førstehjelp ved skader
  • opphald og overnatting, om ein må evakuerast frå eigen bustad
  • deling av utstyr og varer
  • praktiske oppgåver som felles matlaging, innkjøp, transport
  • forklaring/oversetting av informasjon frå myndigheiter

Gode råd om korleis du kan styrke din beredskap

På Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) si nettside finn du mange gode råd om korleis du elles kan styrke din eigen beredskap.

Sjå råda “Slik bidrar du til Norges bededskap” på DSB si nettside

Du bør også gjere deg kjend med Fjaler kommune sine tre lokale beredskapspunkt som  innbyggjarane kan oppsøke dersom ordinære tenester er utilgjengelege eller svekka. 

Du finn informasjon om dei lokale beredskapspunkta på beredskapssida til Fjaler kommune