Inkludering og fellesskap
Inkludering og fellesskap er ein viktig del av barnehagen sitt pedagogiske arbeid, og årets slagord, ROM FOR ALLE, understrekar at barnehagen skal vere ein stad der alle barn føler seg velkomne og verdsette. Ho skal vere eit fellesskap der alle høyrer til, akkurat som dei er. Barnehagen sin styrke ligg nettopp i å vere ein arena der alle barn får leike, lære og utvikle seg – samtidig som dei er ein del av fellesskapet.
I Yksnebjør barnehage har vi nytta Barnehagedagen til å løfte fram korleis ein kan jobbe med inkludering og fellesskap.
Vi har hatt samlingsstund der temaet var likskapar og ulikskapar, vennskap og respekt.
Vi har hatt leik og aktivitetar som inviterer til fellesskap, blant anna hinderløype, matlaging (mat frå ulike kulturar representerte i barnehagen vår) og felles måltid.
Vi er òg så heldige å få vere ein fleirkulturell barnehage. Det vil seie at vi er ein barnehage med barn og personale med ulik kulturell, religiøs og språkleg bakgrunn.
Gjennom synleggjering av mangfald og etablering av eit inkluderande fellesskap kan barnehagen vere ein arena som gir barna erfaringar og kunnskap dei treng for å meistre kompleksiteten i samfunnet og kvardagen vi alle er ein del av.
Kjære alle barnehage tilsette
Dei ekte superheltane treng ikkje kappe. Dei treng heller ikkje kaffi (tydelegvis) – noko som i seg sjølv er eit mirakel.
De går på rein viljestyrke, godt humør og ein imponerande evne til å halde roen når tre ungar ropar «SJÅ PÅ MEG!» samtidig.
Det finst yrke som formar framtida utan at dei sjølve står i rampelyset.
Det finst menneske som møter kvar dag med opne armar, varme smil og eit mot som aldri blir omtalt i avisene. Desse menneska jobbar i barnehagen.
Dei er dei første som ser barnet sitt ekte smil om morgonen. Dei tørkar tårer, knyter sko, finn manglande vottar og skapar tryggleik i små og store augeblikk.
Dei veit at læring skjer i sandkassa, i garderoben, i ein krangel som blir til forsoning, i eit frø som spirer i eit yoghurtbeger.
Og dei gjer alt dette medan dei syng «Bæ bæ lille lam» for 48. gong, med eit smil som er så ekte at ein nesten mistenkjer at dei har superkrefter.
Dei byggjer vennskap, språk, sjølvtillit og nysgjerrigheit – stein for stein, dag for dag.
Dei ser kvart barn, ikkje som ein del av ei gruppe, men som eit heilt menneske med eigne tankar, draumar og behov. Dei er profesjonelle, varme, kreative, tålmodige og urokkelig viktige.
Dei gjer meir enn dei fleste nokon gong får vite.
Og dei gjer det fordi dei bryr seg.
Gratulerer med barnehagedagen 2026!